Besøkande eller Baijas? -Distribusjon og Symbiose mellom ein nemertin og ein musling + ein ode til praktisk biologi


 

Bilete av meg sjølv i intens stirrekonkurranse med eit individ av M. grossa (Foto av Pia Alina Brakstad Smit)

Hei! Eg heiter Trym og går tredje året på Bachelor i Biologi, og dette semesteret tok eg BIO299 som eit valemne. Like lenge som eg har vore interessert i marinbiologi, har ynskt og lengta etter å jobba meir praktisk med faget og få meir smaken av å faktiske drive med relevant forskning. Så, med høg grad av oppdagelsesglede og kronisk kløe i fingrar frå tidleg alder, samt gode erfaringar frå tidlegare feltarbeid og laboratoria so langt i utdanninga var eg sulten etter meir! Og etter eg vart tatt opp i faget og fekk utlevert mitt eiga forskingsprosjekt, vart det starten på det kjekkaste og mest utfordrande faget eg har hatt til no.

Mitt prosjekt handla hovudsakleg om førekomsten og forholdet mellom nemertinen Malacobdella grossa og muslingen Arctica islandica, betre kjend som kuskjell. M. grossa, en liten igle-aktig mark er en kjent gjest hos mange muslingartar men er spesielt vanleg hjå kuskjell. Her sit den fast med hjelp av ein «sugekopp-fot» på vevet til skjelet og et bitte små dyr som flyt forbi med vatnet som muslingen trekk inn over seg.

Kuskjell er ein ganske stor med breie, brunsvarte skjell som leve store delar av tid nedgravd sanden, der den et plankton som den filtrerer inn i seg sjølv. Kuskjell er tradisjonelt brukt som fiskeagn, og er faktisk ein av verdens eldste ikkje-koloniale dyr. Det eldste kuskjellet som har blitt funnen var litt over 500 år gamalt!

Forskningen som er gjort på M. grossa er ikkje heilt sikker på kva slags forhold, eller symbiose, den har med kuskjel. Hovudspørsmålet er om det er negativt for skjelet og positivt for nemertinen, parasitisme, eller likegyldig for kuskjelet og positivt for nemertinen, kommensalistisk. Kuskjel blir i tillegg i aukande grad nasjonalt brukt som råvare hos luksusrestaurantar,  så å finne ut om kva effekt dette forholdet har på kuskjel kan forbi det reint vitskapleg også ha ein viss økonomisk interesse.

 

Bilete frå feltarbeid. Til venstre: Dykkarar frå Innharvest. Til høgre: kuskjel frå Tjeldstø, Stasjon 4

 

Først måtte vi samle nokre skjel, som betydde feltarbeid! Dette blei gjort ute ein vakker haustdag ved Tjeldstø i Øygarden kommune ved hjelp av dykkarar frå sjømateksportøren Scalmarin og dykkeselskapet Innharvest. Vi besøkte 5 ulike stasjonar for samle skjel på ulike dybder, frå 10-25 meters djup. Her samla dykkarane alle kuskjela dei kunne finne, og til og med dei som låg delvis nedgravd i sanden! Eg og Pia, ein medelev i BIO299 og samarbeidspartner i felt- og labarbeid, venta i båten, der vi telte alle skjela som kom opp og sorterte dei i boksar for vidare transport til Espegrend. Denne dagen med feltarbeid brukte samla vi inn heile 118 kuskjel (!)

Etter dette var det over til Marinbiologisk stasjon, Espegrend og til labarbeidet. Her vart kvart kuskjel opna, vegt, målt og studert for å danne datasettet eg og Pia skulle bruke til våre respektive forskningsprosjekt. På kvart kuskjel målte vi lengde, breidde, høgde og vekta av sjølve skalet og innmaten inn, som blei sirleg notert inn i eit Excel-ark. Her begynte mi oppgåve nemertinar for fullt! Vi fann M. grossa i nesten 80 prosent av kuskjela, som sannsynlegvis er den største forekomsten av nemertinen som er funnen nokonsinne! Desse nemertinane ser litt ut som iglar, og det var særs spennande å observere dei ulike fargane, størrelsane og kjønna vi fann i løpet av labarbeidet. Alle nemertinane vart også vegd og deretter plassert i reagensrøyr for vidare bruk. Denne delen av labratoriearbeidet tok rundt 40 timar over to veker, og det var ofte lange, men veldig kjekke dagar på Espegrend.

Etter dette fortsatte eg åleine med labarbeid, denne gongen på Instituttet for Biovitenskap sin systematikklabb. Her skulle eg undersøke mageinnhaldet til ti utvalgte M. grossa. Dette blei gjort for å leite etter eventuelle teikn på parasittisme (for eksempel vev frå kuskjell) og få overblikk over kva nemertinen faktisk et. For å hente fram mageinnhaldet frå nemertinane vart dei brutalt nok delt i to over det området magen ligg, og som blei forsiktig skvist ut herifrå blei lagt på eit objektivglas og nøye undersøkt under eit lysmikroskop. Relativt lite vart funnen og identifisert utifrå desse prøvene, men det vart funnen både restar av algar og små markar, og dessverre ein del plast.

Etter dette satt eg i gang med analyse av data og relevant faglitteratur. Innsamla data vart videre brukt til å lage diagrammar, figurar og tabellar, og til utrekning i Excel.  Dette var klart den lengste og vanskeligste delen av heile faget, mykje på grunn av for lite trening i Excel frå før av, og dårleg tidsbruk frå min side. Og det tok heilt til siste dag før innlevering før eg hadde eit produkt eg var stolt av og klar til å levere.

Og med dette kjeme eg til det som gjorde oppgåva så vanskeleg, men likevel så kjekt å jobbe med: BIO299 er eit fag der mykje, og ofte det meste er opp til deg sjølv. Kva du vil forske på, kva veiledar du vil velje, korleis oppgåva di skal sjåast ut og kor mykje og kortid du vil jobbe med faget. Dei obligatoriske timane og oppgåvene er relativt få og er langt mellom kvarandre, men å jobbe jamt og trutt HEILE TIDA er kritisk for å få nok tid til å lage eit produkt du er stolt av og som er godt . Eg spurte veiledarane mine for lite om hjelp og for nært tidsfristar, og eg sløste vekk mykje tid på å gjere ting som utrekningar tilnærma manuelt fordi eg ikkje forstod og ikkje ville lære meg andre metodar. Men alle dagane, nettene og morgonane eg jobba med dette prosjektet lærte eg so utruleg mykje om arbeidsteknikk, labratorie og feltarbeid, samarbeid mellom medstudentar og veiledarar og strukturering av forsking som eg ikkje hadde erfart før, og som eg  definitivt kjeme til å ha med meg til framtidige fag også. Og ikkje minst lært eg mykje og kuskjell og nemertinar!

Desse praktiske erfaringane eg har fått i løpet av dette faget er mykje meir verdt enn 10 studiepoeng, og eg går veldig fornøgd og forhåpentligvis litt klokare ut av dette året. Eg vil sterkt anbefale alle som vil utfordre seg med eit fag og samtidig vil studere noko meir relatert personlege interesser i Biologi!

Takk for meg og særleg lykke til neste gjeng som vil ta BIO299!

Trym Hansen Skarshaug

Hausten 2024

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *