Blogg(3/4): One Ocean Week med Sars


Velkommen tilbake til tredje blogginnlegg! 

Da var enda nokon månadar passert på yrkespraksis. Mars har vert svært innhaldsrik med fleire ulike arbeidsoppgåver og mange spennande seminar. Det ble ikkje like mange timer på lab i mars på grunn av påskefri og sjukdom, men vi fekk prøve oss på eit spinning disc mikroskop som vi dessverre har hatt mykje problem med. Men det kan være veldig lærerikt å handtere feilmeldingar og forsøke å finne metodar som hjelper. Men med slike store mikroskop er det ikkje så mykje man kan gjere annet enn å skru den av og på att eit par gonger.  

I april har det vore travelt på lab, der vi har prøvd oss på eit prosjekt som tidlegare ikkje har vore vellykka. Dette prosjektet handlar om å lage eit modifiserte plasmid som til slutt vil lyse grønt på eit spesifikt område i dyret, men så lang har vi ikkje klart å plassere genet i plasmidet. Vi prøver å finne ut kva som ikkje fungerer. Dette er ein tidkrevande prosess ettersom at eit forsøk tar ca. 1 arbeidsuke, men vi er nå i gang med å teste fleire ulike backbone plasmid. Det blir ein oppdatering i siste blogginnlegg om dette prosjektet er vellykka ;). 

Eg har også fått være med på eit interessant arrangement i april kalla One Ocean Week. Der stod eg i stand og viste frem nokon av dyra vi har på labben og svarte på spørsmål. Fokuset på vår stand var om prosjektet Deuteronoise som tar for seg lydforureining i havet og korleis det påverke dyr i havet, til og med dyr utan øyrer som ciona intestinalis. Det var mange ulike folk som kom bort til standen med mange interessante og utfordrande spørsmål. På arrangementet var det mange barn som kom med helt nye perspektiv og eg måtte om-formulere det eg kunne om disse dyra på ein slike måte at det var forståeleg for barna. Eg fekk utfordra kva eg kunne når eg måtte forklare til ulike målgrupper, eg kom derfor ut frå den dagen med meir kunnskap om tarmsekkdyr.

 

Det går nå mot slutten av opphaldet på sars senteret og tida har flydd forbi. Oppmøte på lab framover vil påverkast av kommande eksamen og ein mai fylt med fridagar og langhelger. Eg har framleis nokon dagar att på lab som eg skal nyte før eksamensperioden. 

På gjensyn i siste blogginnlegg:) 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *