Blogg(1/4): Michael Sars-senteret


Hei og velkommen til min lille yrkespraksis blogg.

Mitt namn er Linnea og eg er 22år. Eg kjem frå Kyrkjebø, ein liten bygd ved Sognefjorden, men studerer nå i Bergen. Eg starta på bachelor i molekylærbiologi hausten 2021. Eg er nå i mitt siste semester før eg begynner på ein master i molekylærbiologi til hausten. Eg val å ta ein bachelor i molekylærbiologi fordi er har lyst til å jobbe med forsking og eg alltid har hatt ein interesse for biologi på cellenivå. På vidaregåande var mine favoritt fag biologi og kjemi, så når eg først høyrde om molekylærbiologi så var det ingen til om kva eg skulle studere.  

Gjennom bacheloren har eg lært mye, både teori og praksis, men har trivest veldig på emne med lab som BIO214 “Generell mikrobiologi” og MOL231 “prosjektoppgåve i molekylærbiologi”. Så da søkte eg på BIO298 “Yrkespraksis i biologi” og var så heldig at eg fekk plass og enda meir heldig at eg fekk første valet mitt, Michael sars-senteret.

Eg søkte på praksisplass ved Michael sars-senteret fordi forskinga der virka spennande og det var hovudsakleg labarbeid som var relevant for ein molekylærbiologi student. Michael sars-senteret har fleire ulike grupper med sine egne prosjekter, men dei alle bruke marine organsimer i sin forsking. Som praksis student på ein ukjent arbeidsplass er det ikkje enkelt å vite kva man skal forvente, kva som er forventa av meg og kva oppgåver eg skal få. Men eg gleder meg veldig til å komme i gang og å lære mykje. Noko av det eg ser mest fram til er å bli sjølvstendig og kunne føle at man bidrar til arbeidsplassen. Det blir også spennande å sjå korleis ein lab drivast og korleis det er å jobbe i eit forskingsmiljø.  

Ein utfordring detta semesteret blir også å balansere yrkespraksisen saman med dei andre emna eg tar, BIO216 “Toksikologi” og EXPHIL. Men eg trur det vil ordne seg når man kommer inn i ein god rutine. 

Eg skal skrive totalt 4 blogginnlegg der eg skal dele mine opplevelser og kva eg lærer som praksisstudent. Så etter at eg har opparbeide meg nokon timer på labben så kommer eg tilbake med eit nytt innlegg om korleis starten av praksisopphaldet har vert og kva eg har fått gjort på labben.  

Snakkes da!

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *