Slå eit slag for læring i praksis!


Då var det dags for siste blogginnlegg! Eg har hatt ein kjempefin praksis i Bymiljøetaten med gjengen i natur- og miljøforvaltingsseksjonen, og det er eg veldig glad for. Alle vi har møtt på har vore veldig kjekke med oss og ikkje minst har veilederane våre hjulpe oss masse med framgangen i arbeidet.

Rapporten vår om forsøpling i Dalaelva i Åsane, og dataane våre frå kartlegginga i Apeltun-vassdraget vil bli brukt vidare for å bekjempe marin plast i elver, vatn og sjø. I tillegg vil våre ord bli brukt på nettsida til kommuna i informasjonen om framande artar. Dette er ein liten, men viktig bit i arbeidet for å nå berekraftsmåla i Bergen kommune, og det gir ei god kjensle på tampen av praksistida!

Eg er litt usikker på kva eg skal gjere i framtida, og skal derfor jobbe og ta eit fag ved sidan av. Mest av alt vil eg prøve å lære meg nyttige ferdigheiter som gjer at eg kan kome ut i relevant jobb utan så kjempemykje meir utdanning. Eg vil gjerne slå eit slag for meir og tidleg praksis i alle typar utdanninger, det er jobb vi utdannar oss for og ein kan like gjerne venne seg til arbeidslivet først som sist. I tillegg er det mange der ute som lærer dårleg av førelesinger og passiv læring, så både praksis, lab og feltarbeid håper eg BIO aldri sluttar med!


Nokre tilbakeblikk frå praksistida.

Kanskje vi sjåast igjen!

 

– Elin Håskjold

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *