B(y)ee B(y)ee


Då var praksistida min ferdig, og eg har hatt nokre fantastiske uker på Applecore prosjektet, både med folka frå NIBIO, og folka frå NINA. Og eg er veldig takknemlig for at eg har fått lov å være med de i no 150 timar. 

Denne siste veka har eg fortsatt med sortering og re-labeling av bier. Men eg har og fått øvd meg meir på å artsbestemme bier, eller heller artsbestemme visse bie arter, sidan mange av de som er fanget er mye av de same artene og familiane. Elles har det vore mykje av det same; lange dagar, gode lunsjpausar, ordning av utstyr, bie titting i mikroskop, re-labeling, kaffe… Utsikta i frå møterommet, aka kor me spiste lunsj er fantastisk, og eg kommer til å sakne den: 

Ein ting eg har lært her i praksis, som me ikkje får med oss ordentleg på universitetet, er kor masse bakgrunnsarbeid, og repetisjon som inngår i eit forskingsprosjekt, og kva som faktisk må til for å få det i gang. 

Eg er og blitt enda meir sikker på at det er biologi eg vil fortsette å studere, og arbeide med framover i livet mitt, men eg er ikkje sikker på kva for ein yrkesretning eg vil enda. Det er så masse som virker så kjekt. Om nokre av dykk som leser dette her skal studere biologi, og vurderer hvilke valgfag dykk skal ha, så anbefaler eg BIO298 veldig sterkt! 

Eg har hatt det veldig kjekt med praksistida mi, men om eg skulle måtte valgt ein ting eg sakna, så er det å sjå videre korleis prosjektet går vidare. Eg har jo berre vore med på to delar av det, to veldig kjekke delar, men fortsatt så hadde det vore kjekt å få sjå meir av kva som fåregår bak gardinene. Dette veit eg jo ikkje hadde vore mogleg sidan faget berre varer i eit semester, så eg tenker ikkje alt for masse på det, og eg er fortsatt ekstremt takknemlig for det eg har fått vore med på. 

Men no når eg har gjort ferdig praksistida mi, og fått resultat tilbake på eksamenane mine, så er det på tide for meg å ta ein god velfortjent sommarferie 😉 

Ha det bra! 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *