Vil vite, veit, har visst – Eit takk for meg (+ videoen eg laga!) 1


Og plutselig var 150 timar ved Vilvite over. Denne tida har gått overraskande raskt og overraskande treigt på same tid. Einstein sin relativitetsteori har kanskje ei forklaring på kvifor tida er litt merkeleg til tider, men smart som han var så har eg ein følelse at Einstein ikkje tenkte på heimekontor i yrkespraksis under ein pandemi når han sa at tida er relativ. Til tross for mykje heimekontor så følar eg at eg har fått vore med på mykje. Hovudprosjekta har vore artiklar om proteinsyntesen og videoen om venger som eg skreiv om i førre blogginnlegg (som eg har blitt ferdig med! Ta ein titt då vel!)

Eg har også vore med på fleire andre ting som eg ikkje har nemnt i dei førre blogginnlegga bl.a:

  • Å lage oppgåver til stolper i stolpejakten som handlar om biodiversitet med fokus på bier

    Eit bilete av meg eg tok for bruk til ein promo for stolpejakten

  • Fun-facts om insekter til LitenViten

    Eit av fleire insekt fun facts eg laga

  • Og ikkje minst eit fysisk skulebesøk der elevar fekk prøve seg på å lage ein prototype til ei VilVite utstilling som skulle gjere fysisk aktivitet gøy!

    Ein prototype av ein utstillingsidé til VilVite laga av 9.klasse elevar

Noko som har vore viktig for tida mi her, og det høyres kanskje merkeleg ut, var å vere med på møter. Det for det meste på møter eg har kunne møte dei ansatte ved VilVite, og om du har lest dei førre blogginnlegga mine så kan du sjå at det er stort stort pluss, for det er ein veldig hyggjeleg gjeng. Møter og vore mykje av det som har gjort at eg følte meg ein del av ei bedrifta, som var noko av motivasjonen for å ta dette yrkespraksisfaget.

 

Formidling er viktig. Kven er det som skal fortelje folket om alt me veit om verden om det ikkje er nokon til å formidle? Ikkje minst er det viktig å formidle til barn og unge, for kven andre er det som skal bli framtidas biologar? (Og fysikarar, kjemikarar, matematikarar, og programmørar så klart, men ein kvar kvar fagleg nerd likar jo å snakke om sitt eige fagområde best). Same kvar eg hamnar i framtida, så tar eg med formidlaren i meg så eg kan dele dei store og små undra som livets tre har å by på.

 

Tusen takk for meg!

 

I would like people to appreciate science in the same way they appreciate the arts

  • Richard Dawkins

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Én tanke om “Vil vite, veit, har visst – Eit takk for meg (+ videoen eg laga!)