Blant duemelk og proteinsyntesen 2


Det blei uheldigvis mykje heimekontor på meg dei første 50 timane mine på Vilvite, men til tross for dette har eg blitt teken veldig godt imot. Her på Vilvite brukar dei ein plattform som heitar Workplace til mykje av den skriftlege kommunikasjonen. Eg synast at denne plattforma er svært effektiv og oversiktleg. Den er som facebook om facebook hadde vore nyttig for noko (Og det er ingen reklame!). Det var her eg fekk i oppgåve å introdusere meg til heile Vilvite igjennom eit lite innlegg med eit par bilete. Eg skal ikkje skryta for mykje, men eg fekk faktisk 19 likes og 14 kommentarar.

Introduksjonsinnlegget mitt blei godt motteken😁

 

Elles har eg fått vere med på mange forskjellige møter, og dette har gjort at eg følar eg får ta del i noko av den daglege drifta her på Vilvite. Det som har overraska meg positivt på er humoren. Den er ofte tørr og billig, akkurat slik eg likar han. Sjå neste bilete for ein interessant samtale om den suspekte substansen «duemelk»

Diskusjon av den svært suspekte substansen «duemelk» (Alle personar i denne samtalen har gitt sitt ok til at dette skjermbildet kunne brukast)

 

Eg er også imponert over profesjonaliteten på Vilvite. Det å lage underholdande realfagslæring til barn og unge (og vaksne!) krev mykje arbeid og god organisering. Eg har også opplevd at dei er unge til sinns her, noko som eg har ein sterk mistanke om at er ganske nødvendig for å gjere denne jobben bra.

Eg har også fått leia ei idémyldring om biologi, og delar av resultatet kan sjåast på bilete under. Det var ein stor suksess etter mi meining, og så var det spennande å ha mange folk på ein gong som «arbeida» for meg. Det anbefalast å bruka litt tid til å sjå på biletet, der er masse spennande.

Mange tankar om kva som er spennande om biologi. Finn du duemelk?

Utanom møter så har eg arbeida med ein artikkel om proteinsyntesen, til Vilvite sitt nettilbod VilViteMer Målgruppa for denne artikkelen er vidaregåande naturfagelevar. Det vanskelegaste med å skriva ein sånn artikkel er at eg nesten har for mykje kunnskap etter å ha godt eit par år på universitetet, så konsept og prosessar som verkar innlysande for meg kan potensielt vere heilt gresk for ein vg1 elev. Di meir eg har prøvd å skrive, di meir byrjar eg å lure på om at det å skrive noko som skal vere lett leseleg, kanskje er noko av det vanskelegaste å skrive. I tillegg har eg ei oppgåve å lage illustrasjonar. På neste bilete kan du sjå nokre flotte DNA-trådar laga av undertegna.

 

Resten av illustrasjonane får du sjå neste i blogginnlegg, så det er berre å vente i spenning!


Legg igjen en kommentar til Eilen Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 thoughts on “Blant duemelk og proteinsyntesen