Praksis hos NORCE-LFI 2


Heisann! Dette semesteret tar eg emnet BIO298 – Yrkespraksis i biologi, og skal i samanheng med det skrive fire blogginnlegg om korleis det er å vere i praksis hos NORCE-LFI. Her i første innlegg skal eg begynne med å introdusere meg sjølv. Mitt namn er Idun, eg er 22 år gammal, kjem frå Leikanger i Sogn, og er no på mitt siste semester i ein bachelorgrad i biologi hos UiB.

Eg har alltid vore interessert i natur, og då spesielt i dyr, og naturfag og deretter biologi på vidaregåande var blant mine favorittfag på skulen. Det var derfor heilt naturleg at eg skulle ende opp med å studere biologi i Bergen. Foreldra mine studerte begge biologi i Bergen, og det har nok vore med på å inspirere meg. Pappa jobbar blant anna med overvaking av sjøfuglbestandar i Sogn og Fjordane, noko eg har vore så heldig å fått vere med på som feltassistent. Det gjekk ut på å køyre med båt rundt ulike naturreservat ved kysten, og telje dei ulike artane som finst der. Av og til gjekk vi i land og såg på kor mange reir, og kor mange egg det fanst. På Storøyna i Moldvær støtte vi på to havørnungar som låg og gøymte seg på bakken. Desse var akkurat ikkje gamle nok til å begynne å fly, elles hadde dei nok stukke av då vi kom tråkkande. Å komme så tett på ville dyr var ein veldig spesiell oppleving, og eg håpar på fleire slike opplevingar som biolog i framtida.

Eit møte med to havørnungar på Storøyna i Moldvær.

Allereie første semester oppdaga eg at BIO298 eksisterte, og vart fast bestemt på å ta det. Heldigvis fekk eg plass på faget, og eg ser veldig fram til å få relevant arbeidserfaring, samt å få eit innblikk i korleis det er å jobbe som biolog. For sjølv om eg har studert biologi i snart tre år, så veit eg ikkje så mykje om kva arbeidsoppgåver ein biolog kan ha.

I neste innlegg skal eg skrive litt om praksisplassen min, NORCE-LFI, og kva arbeidsoppgåver eg skal vere med på.

Idun


Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 thoughts on “Praksis hos NORCE-LFI