Første arbeidserfaring som biolog


Min praksis bedrift er NORCE Miljø – Laboratorium for Ferskvannsøkologi og Innlandsfiske, og så langt veit eg ikkje noko meir enn at skal arbeide under rettleiing frå forskingsleiar Bjørn Barlaup. Håpar på mykje feltarbeid sidan eg trivast best med det, og tar alle oppgåver eg blir tildelt på strak arm og med godt humør, glede meg!

Som biologstudent har ein eit spennande fagfelt å dykke djupt i, men det har ofte virka distansert frå korleis det faktiske er å arbeidet som ein biolog. Periodar vi vert på labb eller i felt har eg likt spesielt godt, men det er den teoretiske delen i lesesalar og forelesningar som tar meste parten av tida i studiet. Eg håper at med praksis skal eg få ei smak prøve av korleis arbeidskvardagen kan bli, og bruke den kunnskapen eg har til utføringa av det praktisk arbeid i bedrifta.

Eg har frå liten av vert opptatt av naturen og interessert i livet rundt ut, der eg har vert heldig å vekst opp med foreldre som har likt å vise den flotte naturen også.

På besøk hos Langedrag Bilde: Audhild Ragni Vie Alme


Spennade fiske på hytta i Norevikane ved Sognefjorden. Bilde: Audhild Ragni Vie Alme

Min interesse for naturen har vokst med alderen, og med biologstudiet har eg no fagleg kunnskap om den utrolege fasinerande biologiske verden vi lever i. Anbefaler alle å ta seg tid til å gå ut i naturen, og sette seg ned å berre vere heilt i ro. Så kjem plutseleg naturen til deg, du kan både sjå og høyre dyr, insekt og trær som knirkar. Eg finner vertfall den indre roen av å kjenne på det å vere i naturen, eg tar stadig med meg vennar i naturen, og no er min partner tatt inn i det livet også.

Fisketur i Kvamskogen med  Tore-Andre Leik. Bilde: Sigurd Alme


Min partner, Bella, og meg etter fullført tredagars vandring av Stølsheimen. Bilde Sigurd Alme

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *