Praksis hos Naturvernforbundet


Hei!

Mitt namn er Halvard Skjæveland, og er 23 år gamal. Eg er nå på mitt siste semester av ein bachelor i biologi. Denne bloggen skal eg bruka til å dokumentera praksisarbeidet eg skal gjennom hjå Naturvernforbundet i Hordaland. Håper faget (bio298) kan gi litt innsikt i kva ein kan gjere videre ut i arbeidslivet.

Eg gleder meg til å komme ut i arbeidslivet og sjå korleis organisasjonen fungerar. Kva dei jobbar med og korleis dei jobbar mot måla sine. Det verkar som kjempe kjekke folk eg skal jobbe med, har alt møtt med både Synnøve og Mona. Var å møtte dei første dagen, der eg fekk vite litt om arbeidet naturvernforbundet jobbar med, og kva eventuelle arbeidsoppgåver eg kan være med på. Det var ikkje mangel på moglegheiter, det var mykje ulike prosjekt å velja mellom. Det vi satt opp som ein start var ein dag i veka der eg kunne jobbe hjå dei, i tillegg fekk eg sette meg opp på å være med på «Naturlig Onsdag» (6.02.19). I forbindelse med «Naturlig Onsdag» skal eg også skrive ein artikkel om det temaet som skal presenterast der.

Det vert spanande å sjå kva eg får være med på, sida dei driv med mykje forskjelleg.

 

 

 

 

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *