BIO299-eventyret


Hei folkens!

 

Eg er Kristine, og mitt BIO299-eventyr tok til hausten 2017 i mitt 3. semester, og eg har no fullført det i mitt 5. semester. I nesten eitt og eit halvt år har eg samarbeida tett med doktorgradskandidaten Siri, masterstudentane Elisabeth og Aleksander, 4 medstudentar og sjølvaste prosjektledaren Vigdis under LandPress prosjektet. LandPress har fokus på kva klima og korleis ein endra forvaltning verkar inn på det biologiske mangfoldet og naturgodene i kystlyngheier langs norske kysten. Å kunne vere ein del av dette og kunne delta i faktisk forsking har gitt meg erfaringar og kunnskap som er gull verdt.

Dette faget har for meg bevist at ein lærer best og fortast ved å sjå og jobbe direkte med det ein skal lære seg. Både feltarbeid og labarbeid har opna auga mine for alle dei store og små samanhengande der ute. Det har også opna auga mine for kor mykje eg ikkje kan, men kor mykje informasjon ein kan finne berre ein er nysgjerrig nok og hardfør nok til å kunne jobbe ute i vind, regn og 5 grader. Heldigvis var det ikkje liten storm kvar gong ein var ute, og når eg tenker tilbake på det har eg kunn gode minner og opplevingar frå alle timane på lab eller i felt.

 

 

 

 

 

 

 

Det som gjorde dette prosjektet så spennande var at ein kunne velje å vere med på så mykje. Vi fekk moglegheita til å kunne vere med på biomassesortering, jordprøvetaking, siling av jordprøver, måling av røsslyng traits, plante traits og så mykje meir. I tillegg fekk vi delta på OIKOS-konferansen i Trondheim i februar 2018. Vi var nok blant dei yngste, men å kunne ta del i ein konferanse med fleire professorar, doktorgradsstipendiat og masterstudentar føltes som eit veldig stort steg for nokre uerfarne bachelorstudentar.

I tillegg til å gi meg mykje kunnskap og erfaringar har faget opna fleire dører for meg. Sidan eg var assistent og vart kjent med fleire gjennom faget, valgte eg å spørje om ein mogleg sommarjobb som feltassistent for LandPress sumaren 2018. Sidan dei kjente til meg fekk eg eit internship på prosjektet, og dette førte til den beste sumaren i mitt liv.

Til dei som vurderar å ta del i BIO299 vil eg berre seie: Gjer det, du kjem ikkje til å angre. Det kan vere litt skremmande, men det gir deg så mykje. Det er kanskje ikkje alle BIO299 prosjekt som gir deg ein sommarjobb eller tur til ein konferanse, men å få delta i ekte forskning er det få andre fag som kan tilby.

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *