Havforskningsinstituttet – One Ocean Expedition (3/4)


Hei, og velkommen til mitt andre blogginnlegg.

Etter sist blogginnlegg begynte praksisen å nærme seg slutten. Gjennom den siste månaden fekk me samla inn ein god del data før me til slutt nådde Palau, som var mitt endestopp.

Gjennom den siste tida blei det mykje rutinearbeid. Me blei meir og meir kjendt
med utstyret og prosedyrane me skulle gjennomføre. Til tross for dette, var det også mykje av utstyret som slutta å fungere som det skulle, som til tider kunne vera ganske slitsamt. Me følte på eit stort ansvar for det arbeidet me gjor om bord, med tanke på at det er så mange som skal bruke det i forskninga si, og så mange som gleder seg til å sjå kva som har blir samla inn. Det er mykje press på at man må gjere ein god jobb,  og ein tar eigarskap til jobben, og det er lett for å legge skylda på seg sjølv når ikke alt funker. Men det er vel noko positivt med det og, at ein har eit ønske om å gjere ein god jobb. Utanom dette så var dagane stort sett like, både kvardagar og helger. Men heldigvis var det mykje sosialt som skjedde om bord, som gjor det litt lettare å skile dagane frå kvarandre.

Gjennom siste del av turen var det også litt som endra seg rundt oss, når me bevegde oss inn i Mikronesia. Det var meir og meir søppel, som dekka ganske så store områder. Gjennom dei 2 siste vekene kunne ein nesten ikkje sitte å sjå ut på havet, uten å sjå plastflasker som låg å duppa i overflata. Dessverre analyserte me ikkje nokon  mikroplast prøver om bord, så det vert spennande å sjå kva dei finner i analysane her heime i Norge no i høst og vinter!

 

Denne praksisen har gitt mykje arbeidserfaring, som eg trur vil komme til god nytte videre i arbeidslivet. Det er noko spesielt med å få hands-on erfaring, å lære ting utanfor eit klasserom. Denne praksisperioden har absolutt gjort meg meir nysgjerrig til både forsking og det å kunne jobbe som teknikar om bord på båt.

-Mathilde

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *