
Eg heiter Ingvild og går 3. året på bachelor i biologi ved Universitetet i Bergen. Hausten 2025 har eg tatt faget BIO299 «Forskingspraksis i biologi», der eg hadde eit prosjekt knytt til bedrifta Runde Forsking på Sunnmøre. Eg hadde høyrt om Runde Forsking før, og kunne gjerne tenke meg å lære meir om forskinga og arbeidet dei driv med. Dessutan er øya Runde, der bedrifta har kontor, ganske så spektakulær! Øya ligg ut mot havgapet og har mellom anna koloni av Lundefuglar. Dette, og at eg sjølv er frå Sunnmøre, var motivasjon for å velje nettopp dette prosjektet.
No vart det litt mykje skryt av Sunnmøre, så la meg heller fortelje om prosjektet som eg arbeida med. Prosjektet heiter SJØKABAL, og skal kartlegge korleis botnlevande organismar vert påverka av straumførande kablar i sjøen. Kablane fraktar straum på kryss og tvers i fjordane våre, men effekten av det er ikkje godt kartlagt enda. Eg gjorde videoanalyse av videomateriale frå fjordar på Sunnmøre teke på våren 2025, samt har prøvd å seie noko om resultatet frå analysen.
Metoden var slik at eg stoppa videoen kvart 20. sekund og kalla det eit bilete. For kvart bilete skreiv eg ned Metadata (t.d. type botnsubstrat, djupne, grad av helning, om kabel var på botn/i heng eller nedgravd) samt Artsdata (artar sett på og rundt kabel). Når det gjeld artsdata var det somme gonger lett å identifisere til art, medan andre gonger ikkje mogleg. Eg forsøkte alltid å finne den artsgruppa som var mest skildrande, men på mange individ skreiv eg også «Unidentified». Dette var ofte fordi individa var for langt unna eller videomaterialet var for uklart til å identifisere. Døme frå korleis eg arbeida med videomateriale kan de sjå på dette bildet:

Til resultatdelen brukte eg excel og R-Studio. Eg synest spesielt analysen i R var vanskeleg, men dette er første gong eg arbeider med eit så avansert datasett, så det er heilt i orden at det var vanskeleg. Resultatet viser at ein finn ulike artar på kabel enn på området rundt. Det er derimot for lite data både til å seie om dette er ein generell trend for alle sjøkablar, og om dette er ein positiv eller negativ effekt.
Med BIO299-prosjektet mitt har eg lært mykje! Eg har lært å identifisere mange nye artar, samt lært systematikk av fastsitjande botnlevande organismar. Eg har fått erfart at ein må vere konsekvent med metoden for videoanalyse med å ta aktive val undervegs. Det var ikkje alltid lett, for det var mange gonger eg syntest det var vanskeleg og litt einsformig arbeid. Dessutan fekk eg ein reality check på at forsking tek mykje lengre tid enn ein trur. Eg trudde at eg skulle få tid til mykje meir enn det eg gjorde når det gjeld dette prosjektet, men tida gjekk veldig fort.
Mest av alt, sit eg igjen med stoltheit over å ha gjennomført eit slikt prosjekt og har fått mange nyttige erfaringar for seinare. Eg vil takke Runde Forsking for at eg fekk ha praksisopphald på Runde denne hausten, det var veldig kjekt! Det var alltid god stemning rundt lunsjbordet og engasjerande å høyre om dei andre prosjekta dei arbeida med. Så vert det spennande å sjå kva konklusjonen av prosjektet om sjøkablar blir tilslutt, når alt datamateriale er analysert!