Hei ein siste gong!

Avreise frå Kronprins Haakon etter nesten to veker på havet! Men, Longyearbyen baud på ein flott avskjed i form av ein vakker soloppgang! (Privat foto).
Då har eg komt heimatt frå HI sitt Vintertokt i 2025, og er med det ferdig med arbeidspraksisen i BIO298. Og det synes eg er ganske vemodig! Det har vore nesten 2 veker med 12-timarsvakter, sortering av fisk, punching av otolittar, veldig lite sol og veldig mykje trivsel! Som eg har diskutert i tidlegare bloggar har eg trivst veldig med arbeidet og livet om bord, så det å komme til igjen land i Longyearbyen og deretter rett heimatt føltes nesten litt brutalt! Det føltes ikkje ut som eg var ferdig med ein arbeidsturnus, men heller ein slags oppdagelsesferd! Eg kan jo ikkje kalle det ein ferie, men det å kalle det reint arbeid blir også litt rart. Eg forventa jo att det kom til å bli både interresant og kjekt, men eg trudde ikkje att det var eit arbeid eller arbeidsmiljø eg skulle trivast so inderleg med. Eg trudde været, arbeidstimane eller det statistiske arbeidet skulle tynge meg etterkvart, men eg var so opprømt heile tida att eg gløymte å mistrivest!
Den viktigaste grunnen til dette var jo soklart samholdet og det sosiale på båten. Utan medstudentane og teknikarane hadde turen ikkje i nærheiten so lærerik, minneverdig eller kjekk som dette. Når otolittar var umoglege å finne i massive torskeskallar, når det vart gjort feil i statistikken, eller når energien og vilja kunne være på sitt lågaste, var det «kollegaene» i skiftet vårt som var med å hjelpe og motivere når det trengs. Det var dette som var det mest uforventa med heile turen, att vintertoktet føltes så personleg givande, og att alle rundt oss var sopass imøtekommande mot oss «landkrabbane»! Sjølv om eg har lenge vore klar over att eg vil gå marinbiolog-vegen og att det var det praktiske arbeidet eg synes var mest givande, visste eg ikkje att det fantes i form av teknikar på båt! Sjølv om dei som jobbar med dette fast er få, og att tokta langs Norskekysten blir færre, vil det å kunne få sjansen til å gjere noko liknande vere målet mitt framover. Det einaste eg synes mangla med på toktet, er tid! Hadde eg kunna, ville eg sortert gjennom trålposane som ein 5-åring i ei bøtte med LEGO! Det å få nesten eit heilt økosystem på arbeidspulten fleire gongar i løpet av ei vakt og kunne følge med korleis fangsten varierte i artar gjennom turen var utruleg spennande. Reint fagleg kunne eg ikkje bedt om meir fysisk praksis i analyse og prøvetaking av fisk enn i denne praksisen, so eg er meir enn nok fornøgd med kva vi fekk lære ombord! Personleg skulle også ha utforska båten litt meir og prata endå litt meir det øvrige crewet, foreksempel trålpersonalet. Vi vart oppfordra til å komme innom dei ulike avdelingane og stille spørsmål, so eg tar det på min kappe att eg ikkje tok initiativet!

Brorparten av toktmannskapet på ein fotoshoot på helikopterdekket ombord! Frå venstre: studentane meg (Trym), Sondre, Rakel, Halina, Liv, teknikaren Sigmund og toktledar Thomas. Midten bak, frå venstre: teknikarane Heikki og Erlend. Ein god gjeng! (Foto: HI)
Erfaringane ombord har egentleg berre forsterka valget mitt med å forstette på ein master i marinbiologi her på UiB etter endt bachelor. Som tidlegare nevnt har dette alltid vore den langsiktige planen min, og interressen min er fortsatt hovudsakleg rundt marinøkologi. Men praksisen har fått meg til å innsjå att det er den praktiske «felt»-delen ved biologi som eg synes er mest spennande og givande, og det er dette eg vil dyrke i min eventuelle masteroppgåve og forhåpentlegvis framtidig jobb.
Eg vil avslutningsvis takke alle involverte i BIO298, instituttet BIO ved UiB og Havforskningsinstituttet som gav meg og andre sjansen til å delta på dette toktet! Dokke har har gitt oss uvurderleg tidleg praksis i eit kompetitivt felt, samt minner og inspirasjon som vil følge oss ut ein forhåpentlegvis lang karriere. Og til sist vil selvfølgeleg takke alle teknikarane og øvrig crew ombord som losjerte oss inn ombord og gjorde oss til ein del av crewet, og spesielt medstudentane på toktet som gjorde dette til eit lærerikt og kjempekjekt høgdepunkt i Bacheloren! Eg håpar dokke som les dette får og tar denne sjansen, og får den ville opplevelsen som vi fekk!
Takk for no!

Ein siste avskjed med Kronpen, ombord Kronpen! (Privat foto)
-Trym Hansen Skarshaug