Heisann! Eg heiter Pia Alina Brakstad Smit og går no tredje og siste året på Bachelor i Biologi. Dette semesteret tok eg valemna som for meg verka gøyast, og etter å ha høyrd mykje om BIO299 tidlegare var det eit sjølvsagt val. Eg ville ta dette emnet rett og slett fordi var usikker på kva retning eg ville gå vidare med master. Og eg sit no att kanskje litt nærmare eit svar. Det stod tre ting på lista mi over kva eg ville ha ut av dette emnet:
- Marin feltarbeid
- Ikkje so viktig kva – berre ikkje oppdrett
- Labarbeid
- For ein real erfaring med kva timesvis av faktisk forskingslab går ut på
- Eg kjem aldri til å eta rå sjømatbuffé nokon gong
- Å skriva eit vitskapleg produkt
- Om eit prosjekt eg var engasjert for
Alle punkta på lista mi vart oppfylt.
Ganske tidleg kom eg og ein medstudent, Trym, i kontakt med Thorolf Magnesen – professor emeritus med solid humør, mengder med kunnskap og interesse for mykje forskjellig. Eg syns det var utruleg motiverande å snakka med nokon som til tross for å ha vore i gamet so lenge framleis hadde nyskjerrigheit og interesse. Bekymringa for om eg syns alt er kult berre fordi eg er ung student har forsvunne. Etter eit møte hadde eg prosjekt: kuskjel (Arctica islandica)! For å vera ærleg hadde eg ikkje tenkt so mykje på kuskjel i livet mitt, har sjeldan sett dei sjølv, og tenkt haiar og kvalar var dei kulaste sjødyra. Men! Om det er ein ting dette prosjektet har vist meg so er det at nye interesser kan spira i kva som helst. Kuskjelprosjektet har gått ut på å sjå på populasjonssamansettinga og undersøkja om storleiken er forskjellig i ein djupnadsgradient og kystnærleiksgradient. Altså om gjennomsnittleg kuskjelstorleik er ulik på ulike djupnadar og nærmare kysten.
Gjennom Thorolf fekk eg og medstudenten kontakt med vår andre rettleiar, Henrik Glenner, professor med fokus på krepsdyrforsking. Ikkje at det la nokon demper for engasjementet hans for prosjekta våre om ikkje-krepsdyr; særleg Trym sitt prosjekt om interaksjonen mellom kuskjel og slimormen Malacobdella grossa som bur inni kuskjela har Henrik vore involvert i.
Med rettleiarar i boks la me turen ut mot Scalmarin, ein lang samarbeidspartnar med Thorolf si forskning og ei bedrift som driv med sanking av ulike blautdyr for restaurantindustrien. Dei tok oss godt i mot og med ut i båt, og dykkarane deira plukka kuskjela for oss medan me sorterte dei på dekk. Til tross for at me ikkje dykka sjølv, følte eg likevel eg fekk oppfylt feltarbeidspunktet på lista mi, særleg fordi eg og Trym var veldig deltakande i prosessen med å bestemma korleis kuskjela skulle haustast og kva lokasjonar me burde ha. Det var verdifullt å oppleva eit slikt nivå av eigen deltaking i eit prosjekt som student. Me vart køyrd ut til Espegrend Marinbiologisk stasjon med takeaway-pizza, eit naudsynleg tiltak før me skulla mista all apetitt på laben der neste del av arbeidet starta.
På laben vegde, målte og opna me alle kuskjela. Me kika også etter slimormen som plar bu inni, og byta på å registrera og gjera målingane. Eg vil ikkje påstå at kuskjel luktar spesielt vondt. Eg vil heller ikkje påstå at timesvis i eit lite rom med dei er den mest appetittvekkjande opplevinga. Etter laberfaringa er eg både veldig desensitivert til slimete blautdyr, samstundes som eg aldri nokonsinne vil eta rå sjømatbuffé. Noko som er litt waste av min nye, godt trente ferdigheit i å opna skjel. I tillegg til nye skjel-opnings-ferdigheiter har det vore utruleg lærerikt å jobba sjølvstendig på lab saman med labpartnar. Å jobba repetetivt med å vega, måla, opna, registrera og sortera er ikkje noko ein skulle trudd var kjekt – men det er det. Eit herleg avbrekk frå den normale studiekvardagen i teoretisk læring, og samstundes noko heilt annleis enn tidlegare studie-organisert lab. Eg kjenner på eit eigarskap til arbeidet, og det er kjekt å samarbeida med nokon som utviklar den same interessa for det som eg.
Etter alle timene nytta på lab har eg nokre tips til framtidige lab-studentar på Espegren Marinbiologiske Stasjon: Eit godt organisert excel-ark er ein absolutt fordel, store mengder kaffi er sterkt motiverande, samstundes er bussnettverket i distriktene framleis tragisk. Det er også utruleg koselege folk som jobbar der, og solnedgangane er *chefs-kiss*.
Mitt tredje mål var å skriva eit vitskapleg produkt om eit prosjekt eg har engasjement for. Eg valde sjølv å også gjera analysene og plottinga i R, eit statistikk-program eg knapt har koda i før, nettopp fordi eg ynskja å læra meg det betre og få ei større innsikt i praktisk statistikk. For meg var sjølve skrivinga lenge den mest utfordrande delen, fordi den krev ein grad av sjølvdisiplin- og organisering eg ikkje er so sterk på å prioritera. Dette er nok både veikskapen og hovudstyrka i dette emnet, og noko ein verkeleg vert utfordra på. Personleg tykkjer eg ein får utruleg mykje ut av det, so lenge ein er innstilt på å verta utfordra og at ein er naudt til å takla det for å levera i emnet. Sjølv opplevde eg at jo meir eg gjorde research og jo meir eg skreiv så auka motivasjonen. Eg fekk stor meistringskjensle når eg greidde å kopla mine eigne funn til referanselitteraturen og kunne dra eigne konklusjonar. Og eg trur det er akkurat det dette emnet gjev ein mest: meistringskjensle og eigarskap til arbeidet. Dette merka eg også særleg på poster-symposium, der me pitcha og presenterte postere me hadde laga om prosjekta. Det var utruleg interessant å snakka med andre om eigne og deira prosjekt, og sjå kva dei har drive med dette semesteret.
For å konkludera: eg har lært kjempemykje, kost meg endå meir, og fått ei erfaring som har motivert meg som biologistudent.