Havforskningsinstituttet – One Ocean Expedition (2/4)


Hei, og velkommen til mitt andre blogginnlegg.

I skrivande stund seilar me opp langs kysten av Papua Ny-Guinea, på veg mot Palau. Me dro frå Fiji for 22 dagar sidan, og har sidan kun sett sjø, dyreliv og eit par båtar i horisonten, som ein liten påminnelse om at me ikkje er aleine.

Så langt har eg vore om bord i 50 dagar, og tida har gått overraskande fort. Det har vore mange fine dagar med sol, intensive regnbyger, så stjerneklare himlar som eg aldri har sett før, og fine solnedgangar. Eg trivest godt med livet om bord på Statsraaden, og eg er veldig glad for at eg har fått denne moglegheita, til å seile i Stillehavet– ein mulighet man kanskje kun får ein gong i livet.

Arbeidsoppgåvene mine om bord er å samle inn forskningsdata, som etter kvart blir lagt ut tilgjengeleg for alle som måtte ønske å bruke det. Dette er eit stort prosjekt gjennom One Ocean Expedition, og eit steg mot å skape ein betre og felles forståelse av havets tilstand. Det er mykje forskjellige data som vert samla inn om bord, så eg tenkte å forklare kort om dei ulike innsamlingane me gjer.

Mikroplast
Havstraumar forflytter ikkje berre biologisk materiale, som plankton og næringsstoff, men dei er også med på å forflytte store mengder med plast. Plast blir ofte delt inn i underkategoriar, basert på størrelsen. Gjennom One Ocean Expedition er det mikroplast me fokuserer på og tar prøver av. Mikroplast er små plastpartiklar mellom 5mm til 1μm, ofte så små at man ikkje kan sjå det. Om bord på Statsraaden filtrerer me 75L sjøvatn kvar tredje dag. Dette blir gjort i 3 runder (25L kvar runde), med to ulike maskestørrelser på 0.3mm og 0.01mm, for å filtrere ut mikroplastikk av ulike størrelser. Dette vil forhåpentligvis skape betre kunnskap om mengda og lokasjonen av mikroplast i dei ulike havområda Statsraaden seilar gjennom.

eDNA
DNA finst i alle celler, som betyr at alle organismar på ein eller anna måte vil etterlate seg genetiske spor. eDNA eller miljø-DNA er DNA prøver som kan gje oss informasjon om kva type organismar som befinner seg i eit område. Ved å ta prøvar til ulike tider av døgnet kan man også få ein indikasjon om den vertikale vandringa hjå arter, kor konsentrasjonen av DNA forhåpentlegvis vil være større dersom dei er lokalisert nærmare havoverflata ( i området kor filtreringa foregår). Prøver av eDNA  er noko me tar 2 gonger om dagen, 2 gonger i veka. Den eine dagen analyserer me også prøvene me tar, før me sender resultata heim til Norge, som etterkvart vert tilgjengelig.

pCO2
Om bord har me noko som vert kalla for eit pCO2-system som måler både sjøvannstemperatur, og CO2 innhaldet i både lufta og i havet.  Dette er eit av dei automatiske systema me har om bord, som kontinuerleg samlar inn data, utan at me treng å gjere noko – utanom vedlikehold.

 Vannisotop
Vannisotop er ein av prøvane som vert tatt kvar dag, og då to gonger om dagen. Vannisotop vert tatt for å kunne identifisere forskjellige vannmassar ved havoverflata, og for å kunne sei noko om den horisontale adveksjonen, som videre kan bli brukt for å forbetre klimamodellar.

Ferrybox
Ferryboxen er eit kontinuerleg måleapparat me har om bord, som i likhet med pCO2 systemet heile tida tar målingar. Denne samlar inn målingar av temperatur, salinitet og oksygen, som vert sendt direkte heim til Norge. Andre målinger som phytoplankton (planteplankton), Chlorophyll-a (som brukes til å finne konsentrasjonen av pigmentering frå planteplankton) og CDOM (coloured Dissolved Organic Matter, for å kunne måle absorbsjon i vannmassen) tar me manuelt.

Ekkolodd
Ekkolodd er noko dei aller fleste har på båten sin, og som også er å finne på Statsraaden. Ved bruk av lydbølger av forskjellig frekvens kan man få informasjon om korleis det ser ut i vannmassane som er lokalisert under oss. Både djup, men også kva type organismar, og biomassen av desse organismane kan verte målt. Man kan også bruke ekkolodd til å studere vertikale vandringar. Vertikale vandinger er noko man ofte ser hjå for eksempel mesopelagisk fisk, kor dei gjennom dagen vil befinne seg djupare i vannsøyla, kor det er mørkt og dei kan unngå predatorar, før dei gjennom skumringa og natta vil beveger seg oppover mot havoverflata for å ete.

Fisking
Fisking er nok favoritten om bord. Det er alltid spenning og engasjement når den elektriske fiskestanga me har byrjer å pipe, som betyr at noko har satt seg på kroken, og prøver å svømme vekk. Det har vore overraskande lite fangst, mykje mindre en eg hadde førestilt meg – men desto kjekkare er det når det plutseleg bit noko på. Desse dataene skal videre bli brukt for å gje kunnskap om utbredelsen av artar i dei ulike havområda me segler gjennom.

Observasjon av sjøpattedyr
Observasjoner av sjøpattedyr vert gjort både dag og natt, så langt det lar seg gjere. Om bord er det alltid personer på vakt i baugen og bakken av båten, som speider utover havet for å observere gjenstander. Med ein 24t utskikk, saman med alle andre om bord som speider utover havet i håp om å sjå sjøpattedyr, vil eg sei me har god kontroll på kva som befinner seg rundt oss. Det har vore lite liv rundt oss den tida eg har vore om bord, men eit par delfinar har tatt turen bort til oss.

Prøvane eg har snakka om så langt kan tas medan båten beveger seg, og dermed har me moglegheit til å ta dei når som helst, samme kva vær og vind det måtte være. Men me tar også prøver der me er avhengig av at båten stopper heilt opp. For eit seilskip ute i all slags vær og vind, kan dette vera noko utfordrande, og det krever derfor litt planlegging. Under såkalla «forskningsstopp» stopper seilskipet heilt opp, noko me prøver å få gjort 1-2 gonger i veka. Her blir det tatt CTD, zooplankton nett og Secchi disk.

Foto: Malin Kvamme

CTD
CTD er eit oseanografi instrument som står for Conductivity, Temperature og Density. CTD’en vert senka vertikalt nedover i havet,medan den tar målingar både på vegen ned og opp. Denne blir brukt til å identifisere og lokalisere dei ulike vannmassene under oss. Ulike vannmasser har ulik tettheit, som betyr at dei har ulik salinitet og/eller temperatur. Desse ulike vannmassane fungerer derfor som usynlige skillevegger i havet, og som i stor grad påverkar mange biologiske, kjemiske og fysiske prosesser i havet.

Foto: Malin Kvamme

Zooplankton nett

Zooplankton, også kjent som dyreplankton, er små organismer som driver med havstraumane, og som er essensielle i det marine næringsnettet. For å få tak i desse små organismane bruker me eit zooplankton nett, som synkes vertikalt nedover i vannmassene, før me sakte trekker nettet oppover. På denne måten får me filtrert store mengder sjøvatn for zooplankto. Dette skal vidare bli analysert, for å kunne gje informasjon om både mengde og samansetninga av zooplankton.

Secchi disk
Secchi disk er ein rund og kvit disk som vert senka nedover i vannsøyla, for å få ein indikasjon på klarheten av vatnet. Lys er ein svært viktig komponent for livet i havet, og derfor er det viktig å ha kunnskap om lyspenetreringa i havet.

Siden me kun er 2 stk som jobber med dette, betyr det at me i større grad må bruke kvarandre og sette oss inn i korleis systemene og metodene fungerer, siden det ikkje «berre er til å spørre nokon». Både tidsforskjellen og bruken av e-post (og dårlig internett) fører ofte til litt vanskeligheter. Men dette betyr at me i større grad må finne ut av ting sjølv, som er med på å gjere læringskurven brattere, og læringsutbyttet større.

Den siste veka har me ikkje hatt forskningstillatelse, noko ein må ha for å kunne samle inn data innenfor dei økonomiske sonene til landene me passerer. Den økonomiske sonen strekker seg ut 200nm frå land, og siden Stillehavet består av så mange små øyer, blir det ekstra vanskelig å komme seg utenfor desse sonene. Men no har me endelig fått forskningstillatelse for Palau, som betyr at men no kan samle inn mykje spennande data igjen!

 

På gjensyn!

-Mathilde Bryn Eikefjord

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *