Havforskningsinstituttet – One Ocean Expedition (1/4)


Hei, og velkommen til mitt fyrste blogginnlegg!

Mitt navn er Mathilde Bryn Eikefjord, eg er 24 år, og kjem frå Voss. Eg bur no i Bergen, og er akkurat ferdig med det første året av masteren min i Fiskeribiologi og Forvaltning ved UiB. Gjennom denne bloggen skal eg snakke om praksisen min om bord Statsraad Lehmkuhl under One Ocean Expedition, kor er skal jobbe som forskningsassistent for HI.

 

Havet har alltid vore noko som har fascinert meg. Tanken på at det er så mykje me ikkje veit, og forstår, og som er så langt unna vår rekkevidde. Då eg starta bacheloren min i Biologi ved UiB for 4 år sidan visste eg allereie etter fyrste forelesning at eg hadde valgt riktig, og har gjennom desse 4 årene vore so heldig at eg har hatt moglegheit til å studera noko som også er ein av mine største interesser.

Gjennom 2 mnd om bord på Statsraad Lehmkuhl skal eg no få lov å lære og utforske endå meir av den fantastiske blå verden. Ombord skal eg og ein anna masterstudent ha ansvaret for å samle inn forskningsdata, som vidare skal bli brukt for å skape betre kunnskap om havets kjemi, fysikk og biologi, og om korleis me menneske påverkar havet.

Gjennom studiet har eg fått moglegheit til å dra ein del på tokt, og eg trur eg vil ha god nytte av den kunnskapen eg har opparbeida meg der. Både med tanke på prøveinnsamlinga me skal gjera, men også med tanke på det å arbeide sjølvstendig og effektivt. Mitt siste tokt var med Havforskningsinstituttet opp ved Svalbard, så det blirveldig morro å få moglegheit til å dra på tokt i eit heilt anna klima! 

Reisen min startar 21.juni, kor eg vil fly til Fiji for å mønstre ombord Statsraad Lehmpkhul. Frå Fiji vil reisen fortsette til Samoa – Tonga – tilbake til Fiji – Solomon Islands og Palau. Dette kjem til å bli 2 mnd med mykje læring, og mykje ny arbeidserfaring som eg trur vil komme godt med i arbeidslivet!

Gleder meg til å dele meir om toktet og arbeidet som blir gjort ombord! No er det siste innspurt med pakking og klargjering før avreise.

Om du er meir nysgjerrig på kva One Ocean Expedition er kan du gå inn på https://oneoceanexpedition.com. Her kan du også følge med på kor Statsraad Lehmkuhl befinner seg, og lese toktlogger frå kapteinen ombord. Det blir også lagt ut mykje bilder og oppdateringar på Statsraad Lehmkuhl sin instagram: statsraad_lehmkuhl.

 

Mathilde Bryn Eikefjord.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.