Kreative sysler og tankar om formidling


I skrivande stund har eg hatt over 100 timer av praksisen min her på VilVite, og på dette tidspunket kan eg seie ein ting sikkert: Det krevst meir enn fagkunnskap for å formidle biologi. I alle fall om ein skal gjere det bra. Sidan førre blogginnlegg har eg fått bryne meg på å lage informative og interessante illustrasjonar i tillegg til ein video der eg har vore min eigen kameramann, manusskrivar, og rekvisittmakar. På dei neste bileta kan du sjå noko av det eg har produsert til nokre artiklar om proteinsyntesen og ein video der eg utforskar kva som kan vere nytten med venger som ikkje kan brukast til å fly med.

Ein illustrasjon eg laga til ein artikkel om proteinsyntesen. Illustrasjonen viser eit ribosom som byggjer eit protein ved å lese av ein mRNA tråd.

Fantasidyret hoppeblussen som eg laga til ein video om venger som ikkje kan brukast til å fly

Ved å lage slike produkt har eg fått brukt meg sjølv på ein heilt anna måte enn det eg er vane med på universitetet. Å visualisere informasjon gjennom illustrasjon og video krev at ein må bryte ned informasjonen til kun det viktigaste utan at essensiell informasjon blir skrella av. Produktet skal vere enkelt, men utfyllande. Som Albert Einstein ein gong sa «if you can’t explain it simply you don’t understand it well enough» og dette seier eg meg veldig einig i. Eg har heldigvis erverva meg noko forståing av biologi frå universitetet, men eg måtte verkeleg sitja meg ned og tenkja for å omdanna alle fagorda eg har lært meg til forståelege uttrykk for barn og unge. Ein merkar ikkje heilt kor langt inn i akademia ein har søkke før ein må prøve å forklare faget sitt til nokon utanfor universitetet sine mange glas, veggar, dører, og tak.

Meg på heimekontor

Med over 100 timar i praksis så føles det ut som eg har fått skrapa litt i overflata av kva vitenskapeleg formidling til unge har å by på, og om me ikkje hadde hatt ein verdsomspennande pandemi skulle eg likt å prøve meg som ein formidlar av biologi framfor eit fysisk publikum. Det er som ein seier, du kan ikkje få alt du ynskjer deg her livet.

Det byrjar å nærme seg slutten på tida mi her på VilVite, og fram til no så har det vore svært lærerikt, utfordrande, og til mange tider gøy. Me sjåast neste gong i det siste blogginnlegget!

 

 

 

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *