Praksisplass hos NIBIO


Hei hei! Då var det endeleg min tur til å dra ut i praksis, og dermed min tur til å skrive mitt første blogginnlegg.

Mitt namn er John Ruben Øystein Pedersen Tislevoll (eg veit det er ein handfull, men du veit kva ein seie: Kjært barn har mange namn 😉). Eg er 23 år gamal, kjem i frå Fitjar, og er på mitt sjette semester på ein bachelorgrad i biologi hos Universitetet i Bergen. Fitjar er ein liten kommune som ligger ca. 2 timer sør for Bergen, og består for det meste av fjell, skog, beiter, sjø, og fleire øyar enn det er dagar i året. Dette har gjort at eg i gjennom oppveksten har vert veldig glad i naturen, (i tilleg til å ligge heime og spele dataspel, men det trenger me ikkje å snakka om no) og biologi har vore eit aktuelt val for meg når det gjelder utdanning. Det var ikkje før eg starta på vidaregåande at eg var sikker på at det var biologi eg skulle gå for, men når eg fekk biologi som valgfag blei eg overbevist. Så etter vidaregåande var det eit kjapt år på folkehøgskole, og så rett på biologistudiet her i Bergen.

Eg har fått praksisplass hos Norsk institutt for bioøkonomi, eller NIBIO for kort, og eg skal få gleda av å være med på felt i Hardanger. Eg har venta lenge på dette her, og ser fram til å kunne begynne praksisen min snarast mogleg.

Me snakkast!

John Ruben Øystein Pedersen Tislevoll

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *