Spent før første dag i praksis 1


uni_research

Heisann!

Eg heiter Elise, er 23 år og kjem frå nynorsklandet Volda på Sunnmøre. Eg er no inne i mitt siste semester på bachelor i biologi og ser fram til nye og spennande utfordringar ved å kunne teste ut korleis det faktisk er å jobbe som biolog. Eg veit ikkje om mange andre utdanningar ved eit universitet der ein får slike moglegheiter, så eg ser på det som dumt å ikkje nytte seg av dette. Av tidligare erfaringar gjennom studiet veit eg at praksis på lab og i felt er den måten eg lærer aller mest på. I tillegg er det positivt å kunne ha litt arbeidserfaring, samt å finne ut av om det er dette eg faktisk vil gjere resten av livet (eg må innrømme at eg vil verte litt skuffa dersom eg finner ut at tre år med studie er totalt vekkasta.)

Eg har vore så heldig å få lov til å ha praksis ved UNI Research Miljø – ferskvannsøkologi. Det var fleire bedrifter som verka interessante å søke på, men akkurat dette syntes eg verka ekstra spennande då arbeidsoppgåvene såg ut som noko eg kan like. Her får ein prøve seg både på laben og i felt – eller, eg håper det i hvert fall. Eg har også lest litt på tidligare blogginnlegg, og det ser ut som eg har mykje å glede meg til. Samtidig er eg nok litt nervøs – ferskvannsøkologi er ikkje det eg kan aller mest om. I tillegg har eg, som mange andre biologistudentar, statistikk- og matematikkskrekk. Men eg får ta det som ei utfordring og håpe på at eg lærer!

Eg har no sendt mail fram og tilbake med veiledar og har avtalt å møtast førstkommande onsdag. Då skal eg jobbe med analyse av filmopptak av blekas vandring og gyting i Byglandsfjorden – dette blir spennande!


Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

One thought on “Spent før første dag i praksis