Vilvite 2: Electric Boogaloo (2/4)


Velkommen til andre installasjon av bloggen!

No har eg vore på VilVite ei god stund, og vekene har gått veldig raskt! Eg og Jarle var mykje i lag i starten. Me fekk sjå Madam Pling, eit show for barn om kor magisk kjemi kan vera, og me var med på Knokkelkaos, kor barneskuleelevar lærer om skjelettet. Eg har og vore med på mange program åleine, blant anna Radioaktivitet og Bølgjefenomen.

Det eg merka veldig tidleg, var at eg føretrekk program kor elevane får ta del i opplegget. For min del er det nemleg kjekt å gå rundt og snakka med enkeltelevar eller grupper, altså ikkje berre formidle heile tida. Dette fortalde eg til dei som var ansvarlege for praksisen, og eg fekk bli med i Skaparahagen. I Skaparahagen har dei veldig mange kjekke program, men min favoritt er definitivt Kjedereaksjon! Kjedereaksjon går ut på at elevane får tilgang til store dominobrikker av tre og anna utstyr som dei skal bruka til å laga ein lang, men samanhengande kjedereaksjon mellom alle gruppene (dei blir delte inn i grupper på 4–5). Eg har berre vore med på det to gonger, men det er enormt kult å sjå kva dei finn på!

Eit anna prosjekt meg og Jarle har fått, er preparering til Hjartedisseksjon, som er eit program me skal ha i veke 12 og 13. Prepareringa går ut på å vaska grisehjarto og sortera dei etter kvalitet, før me deretter fryser dei ned. Eg trur nok mange hadde funne dette veldig ekkelt, og det luktar ganske “funky”, men heilt ærleg så påverkar det meg ikkje noko særleg. Det kan vera fordi eg har utført disseksjon av gris på vidaregåande, kor me fekk heile tarmsystemet, altså frå munn til endetarm. I tillegg fekk me lungene og hjarta, så eg har allereie skore i eit hjarte før. Eg har og dissekert mykje fisk gjennom biologistudiet mitt, så eg trur alt dette har herda meg litt mot visse ekle ting. Eg har derfor spurt om å bli sett opp ein god del på Hjartedisseksjon i dei komande vekene.

Sjåast i neste blogginnlegg!

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *