Vilvite trilogien (3/4)


Velkommen tilbake til bloggen!

No har det skjedd mykje sidan sist, og den største endringa er at me har gått frå å observera til å formidla mykje meir sjølv. Tidlegare var me (meg og Jarle) mest med for å sjå korleis dei faste vitevertane tok til oppdraget, og me fekk beskjed om å halda auge med metodar me kan bruka i vår eiga formidling. No har me endeleg fått prøva oss skikkeleg, noko som har vore veldig spennande. Eg fekk ein liten tjuvstart på dette i Skaperhagen, der me ofte delte klassen i to slik at eg fekk ansvaret for den eine halvdelen.

Meg på plass i Vitelabben!

Først ut var hjartedisseksjonen, og det gjekk veldig bra! Eg fekk vanligvis ansvaret for å rettleia og hjelpa rundt seks studentar om gongen med kutting og informasjon. Det var veldig gøy å sjå at erfaringa mi med disseksjon kom til nytte her, og kunnskap om hjarte frå bachelor graden min. Me fekk og i oppdrag å formidla på dei siste Hjartedisseksjon-øktene, i tillegg til at eg fekk prøva meg på formidling i både Spike Essential (koding for dei yngre) og Knokkelkaos. Det å faktisk stå der med hovudansvaret for formidlinga gir ein heilt annan meistringsfølelse enn å berre sjå på, og er definitivt noko ein må gjere fleire gonger, eg var sjukt nervøs første gongen!

Som om ikkje det var nok, har eg og hatt mi første helgevakt som vanleg vitevert. I helgene er det vitevertane, som ofte er studentar, som styrer showet. Eg fekk ansvaret for VR-stasjonen i andre etasje 2 til 3 gongar kvar dag. På VR-stasjoen kan ein spela Beat Saber, eit sjukt stilig rytmespel kor ein kuttar boksar med to lasersverd! Det var enormt kult, og det var gøy å sjå kor engasjerte folk blir av VR teknologi.

Praksisen føles veldig annleis no enn dei første 50 timane. No gjer eg fleire oppgåver på eiga hand, og eg føler eg har fått ein god del meir ansvar. Personlig synes eg at det er kjekt at eg får ta ein meir aktiv del i jobben.

For ikkje så lenge sida blei me informert om at Vilvite søker fleire Viteverter både i formidling og i utstillinga. Det er noko eg seriøst vurdere å søkje på!

Me sjåast i siste blogginnlegg!

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *