Den siste delen av praksisopphaldet har vore både variert, lærerik og overraskande spennande. Eg har fått vere med på mange ulike arbeidsoppgåver som har gitt meg eit mykje betre innblikk i korleis biologisk forsking fungerer i praksis.
Eg tok igjen jordprøver, slik som dei andre gongane. Eg vegde jord både våt og tørr, tørka prøvene og vegde dei på nytt for vidare analysar. Dette kravde nøyaktig arbeid og viste kor viktig det er å vere presis når ein jobba.

Eg gjekk mykje rundt og gjorde eigne arbeidsoppgåver, styrte meir av arbeidsdagen sjølv og sjekka berre inn med dei andre innimellom. Det var veldig kjekt å få meir ansvar og føle at eg kunne jobbe meir sjølvstendig. Då følte eg verkeleg at eg fekk oppleve korleis ein vanleg arbeidsdag innan forsking kan vere.
Eg fekk også vere mykje ute i felt. Der var eg med på å klippe graset på forsøksfelta og rake vekk graset etterpå. Det skal vere fleire slåttar på feltet gjennom sesongen, så dette er arbeid som må gjerast jamleg. Det var spennande å sjå kor mykje praktisk arbeid som ligg bak eit forskingsprosjekt, og kor viktig vedlikehald og rutinar er for at forsøka skal fungere.

Noko av det mest interessante eg fekk sjå var ein ny metode for automatisk måling av lystgass. Systemet var ikkje heilt ferdig enno, men det var spennande å få sjå korleis det skal fungere når alt er på plass. Det var spesielt interessant å sjå korleis teknologi blir brukt for å gjere forsking meir effektiv og presis.

Når eg ser tilbake på praksisopphaldet, synest eg både at det svarte til forventningane mine og ikkje. Eg har fått prøve mykje forskjellig og lært mykje praktisk om korleis ting blir gjennomførte før, under og etter forsøket. Samtidig kjenner eg at eg framleis ikkje forstår alt av analysar og teorien bak prosjektet. Eg trur det hadde hjelpt mykje om vi hadde brukt litt meir tid i starten på å gå gjennom prosjektet grundigare.
Praksisen har gitt meg eit meir realistisk bilete av korleis det er å jobbe som biolog. Det er mykje praktisk arbeid som eg ikkje hadde tenkt over tidlegare, men som eg faktisk har syntest har vore både spennande og kjekt. Alt i alt sit eg igjen med mykje ny erfaring og eit betre innblikk i kva biologiyrket faktisk inneber.