Hei,
Mitt navn er Anja og eg går første året på det doble masterprogrammet Global Change Ecology, og skal ta deler av studie mitt i Würzburg, Tyskland. BIO299 er et obligatorisk emnet på mitt studieprogram, da forskningspraksis er eit obligatorisk opptakskrav for å studere på masternivå i Würzburg.
Sida BIO299 er eit veldig fleksibelt emnet, bestemte eg meg for å gå ein litt anna veg. I utgangspunktet skal eg fordjupe meg i terrestrisk økologi, men har likevel alltid hatt ein lidenskap for livet i havet. Dermed bestemte eg meg for å finne meg eit marint BIO299 prosjekt for å auke min kunnskapsbreidde og for å åpne fleire dører til arbeidslivet.

Kva gjorde eg?
Prosjektet mitt gjekk ut på å annotere manetar, eller gelatinous zooplankton, i vertikale ROV transekt i Norskehavet og i Sognefjorden. Desse videoene var samlet på tokt i 2023 på forsknignsskipet OceanXplorer gjennom eit samarebeid mellom Manet Teamet ved Universitets Museet og OceanX. Prosjektet mitt var dermed data-basert, der eg fekk god erfaring med å jobbe på pc i fleire ulike program som Biigle, VLC og R-studio. For å kunne artsidentifisere manetar, trengte eg å kunne gjennkjenne deira morfologi, forstå ulike forskningsmetoder og vite litt om norske marine økosystem. Derfor brukte eg også mykje tid på å lese vitenskaplige artikklar som ble anbefalt av veiledaren min.

Kva tar eg med meg vidare?
Som masterstudent får man ofte høyre at det er viktig å vere bevisst på kva eigenskapar man tar med seg ut i arbeidslivet etter studie. Det å jobbe i ulike dataprogram, ser eg på som ein stor og viktig del av det å vere ein biolog. Derfor syns eg det har vore svært erfaringsnyttig, å få å jobbe så tett på ekte forskning og hjelpe til med å bearbeide data.
Det har vore veldig kjekt å kunne erfara korleis forskarar jobber, og dei tok meg godt i mot på manet teamet. Her fekk eg god veiledning, og kunne spørre om råd og hjelp.
Eg anbefaler alle å ta BIO299, enten som ein del av bacheloren eller masteren. Ein trenger ikkje å vere ein ekspert på verken data, eller på maneter, du lærer massevis undervegs! Sjølv om det krever tid og innstats, er det å ha praktisk erfaring noko ein aldri får nok av som student.