Hei igjen for siste gang!
No har 150 timar gått, og praksisopphaldet mitt er over. Sidan forrige blogginnlegg har me gjort in situ hybridisering ein gang til, i tillegg til å teste fleire kjemikalie. Siste dagen på lab heldt eg og Angel ein avsluttande presentasjon for labgruppa, der me fortalte om prosjektet vårt og kva resultat me hadde komen fram til. Det var ein nyttig erfaring å presentere i ein sånn setting, då dette nok er noko me må gjere mykje av seinare i arbeidslivet.
Praksisopphaldet svarte til forventningane mine, og meir enn det! Då eg starta i praksis visste eg ikkje heilt kva prosjektet gjekk ut på, og hadde ikkje så mange forventningar anna enn å få meir erfaring på lab. Eg har fått lov til å jobbe mykje meir sjølvstendig her enn eg trudde, og dei me jobba med har vore veldig greie og latt oss få vere med å ta avgjersler om prosjektet. Denne praksisen har gjort meg meir sikker på at eg er på rett studieveg. Ved å få prøve meg på eit prosjekt som involverte nye fagfelt som nevro- og marinbiologi, har eg fått auga opp for at det fins mange spennande retningar (enn berre rein molekylærbiologi) eg kunne tenkt meg å jobbe innan i framtida.
Eg vil takke Chatzigeorgiou-gruppa for moglegheita til å ha praksis der, og for at dei har teken meg så godt i mot! Alle har alltid har vert imøtekommande og hjelpsame. Eg har lært mykje, både praktisk og fagleg.
For å oppsummere praksisen med ein analogi: eg har vore parasitten, og Chatzigeorgiou-gruppa har vore min midlertidige vert. Men i motsetnad til kva som skjer i naturen, trur eg dette forholdet har vore symbiotisk med bidrag frå begge partar😊
Til deg som les bloggen og lurar på om du skal ta BIO298, så oppfordrar eg deg til å gjere det på det varmaste! Du vil vertfall ikkje angre om du vel SARS som din praksisplass!
Takk for at du har tatt deg tid til å lese bloggen min!
– Mariann