Blogg 4/4 – På tide å forlate STIM’en :(


På tide at denne fisken forlet STIM’en

God dag, kjære lesar, og velkomen til det fjerde og siste kapittelet i denne praksisbloggen!

Etter 150 timar hos STIM sin miljøavdeling er eg no ferdig med praksisopphaldet, og det er på tide å oppsummere både siste innsats og kva eg sit igjen med etter denne strømmende reisa.

Tau, team og tørre fakta

Dei siste vekene har eg verkeleg fått kjenne på korleis det er å vere ein biolog i drift, og det har vore alt anna enn tørr teori. Eg har fått bryne meg på både digitale verktøy og koding i R, men og fått saltvatn under neglene med meir praktiske oppgåver, som å rydde i det som føltest som ein liten fjord av tau.
(Med så mykje tauarbeid burde eg kanskje vurdere ein karriere som sjøulk på heiltid?)

Det er faktisk imponerande kor mykje manuelt arbeid som ligg bak det å samle inn og sikre miljødata. Biologi handlar ikkje berre om å artsbestemme i labfrakk, av og til handlar det om å få blautt hår og blåmerker med meining.

STIM-gjengen tok meg rett inn i flokken, eg følte meg som ein del av stimen frå første dag.

Når R tok seieren

Eg skal vere ærleg: Eg gjekk laus på R med både motivasjon og muskelkraft… men R viste seg å vere ein sei type.
Eg kjempa med script og feilmeldingar som om det var ein kamp mellom tang og tare, men til slutt måtte eg innsjå at det var R som drog det lengste fiskebeinet denne gongen.

Likevel har eg lært masse, og eg har fått respekt for dei som får dette til å flyte utan å miste både tråd og tålmod.

Praktisk erfaring med ekte betydning

Det mest verdifulle eg tek med meg frå denne praksisen er kanskje ikkje ein ny ferdigheit, men eit nytt perspektiv. Eg har fått sjå korleis strømforhold, miljødata og biologi heng saman i ei større, levande verd.

Alt dette har eg fått lære i eit miljø der det sosiale klimaet var like varmt som havet er kaldt, noko som absolutt gjorde at læringskurva blei litt mindre bratt, og mykje meir triveleg.

Lysare utsikter framover

Denne praksisen har vore eit vitamininnsprøytning i karrieretrua, og eg kjenner at eg går ut av dette med meir sjølvtillit, ny motivasjon, og eit mykje meir realistisk (og positivt!) bilete av korleis kvardagen til ein biolog faktisk kan vere.

Eg har fått nye ferdigheiter, nye kontaktar og eit solid par med sjøbein, og eg ser lysare mot horisonten enn ein laks i motlys.

Tusen takk!

Takk til alle i STIM for at de tok meg imot med opne armar (og av og til våte hanskar). De gjorde denne praksisen til noko meir enn berre arbeid, de gjorde det til ein opplevelse eg seint vil gløyme.

Takk til deg som har følgt bloggen min, eg håper du har fått eit lite innblikk i både arbeidsgleda og utfordringane i ein biologpraksis.

Og til deg som vurderer BIO298: Hiv deg uti det! Og om du er interessert i marin biologi og miljø, så vil eg varmt anbefale praksis hos STIM, du kjem garantert ikkje til å angre.

På tide å logge av (for godt)

No logger eg av, men eg tek med meg minner, erfaring og ei ny bølgje av motivasjon vidare.
Fiskelykke til vidare, alle saman!

Ein siste xoxo,
Eirik

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *