Eg blir stadig betre kjent med Aurland, då fleirtalet av dei siste 50 arbeidstimane har vore fordelt over to feltturar dit. Det passer eigentleg godt, ettersom eg som nemnt i sist blogginnlegg kjem til å drive med feltarbeid tilknytt masterprosjektet mitt her til hausten.
På desse turane har me bygd mobile wolf-feller av ein ny type med lågare fallhøgd, testa prestasjonen deira med fangst, merking og gjenfangst. Til tross for namnet fangar altså ikkje desse fellene ulv, men smolt. Arbeidet no i vår fungerer hovudsakeleg som ein pilot før prosjektet ideelt startar for fullt neste år, der målet er å samle nok data til å lage eit estimat av smoltproduksjon i Aurlandselvi. Det er nemleg per i dag dårleg data-grunnlag for smoltproduksjon i Aurlandselvi og fleire andre vassdrag, og dei nye wolf-fellene har potensiale til å væra ein kost-effektiv løysning til problemet.
Før me kunna testa wolf-fellene, måtte me naturlegvis bygga dei. Sjølv om dette arbeidet gjekk ut på ein del bæring og snekring, var det mykje å lære undervegs om hydrologi, elvemorfologi, og forskjellar i oppførsel og habitatbruk mellom aure og laks i elv.
Etter fellene var ferdigstile, sto testinga for tur. Dette gjekk ut på å la dei fiske på natta, for å so komme tilbake morgonen etter for å notere antall laks- og auresmolt, og lengda deira. Måten dei fungerer på er at smolten som driv med straumen over fella, landar på ei skråstilt rist. Denne rista leiar fisken ned mot eit samlerøyr, som vidare fører inn i ein opphaldstank eller ei tønne der fisken blir fanga. Utanom wolf-fellene hadde me også ute to andre typar felle: ei smoltskrue og ei ruse. Smolt fanga i fellene blei transportert til same stad, der dei blei bedøvd og PIT-merka i lynraskt tempo av Eirik Normann. Dette involverer å lage eit lite snitt i buken med skalpell, der PIT-merke blir satt inn. Etter at smolten kom til hektene igjen, blei dei satt ut i elva att, over alle fellene, som mogleggjorde gjenfangst.

PIT-merking av smolt, frå venstre: 1. PIT-merking av død fisk, der studentar, ansatte ved klekkeriet og fjellstyret fekk prøve seg. 2 og 3. PIT-merking av smolten frå fellene. 4. Laks- og auresmolt – ser du forskjell?
Når det kom til resultata, var dei svært lovande: allereie første dagen vart det fanga 60, 60 og 30 smolt i dei tre wolf-fellene, sjølv under suboptimal vassføring. Den var nemleg noko for stor, slik at vatn rann over samlerøyret i nedre enden av fella. Fangsten var også god i dei andre fellene: 60 i smoltskrua og 40 i rusa. I skrivande stund, 23 mai, held fellene fram med god fangst, og det har allereie blitt notert gjenfangst av merka fisk.
Eg vil takke LFI for eit fint og læreriktpraksis opphald som i høgste grad har svart på forventingane mine. Frå å læra ungar om botndyr på akvariet, til å plante rogn og teste fiskefeller i Aurlandselvi, har eg fått vært med på mykje variert og spennande arbeid. Det har vært kjekt og lærerikt å fått arbeida med engasjerte folk som deler mi interesse for fisk og ferskvatn, og eg har nytta høvet til å spørje om ting eg ikkje har fått svar på andre stader. Mykje av arbeidet har føregått ute i fin natur, med laks og aure i fokus – midt i blinken for meg! Eg vil også takke universitetet for plassen på emnet BIO298. Praksisperioden har vore svært gjevande, og ei gyllen moglegheit til å jobbe med fagfeltet eg brenn mest for. Sjølv om praksisperioden no er over, gler eg meg til å fortsette arbeidet ved LFI gjennom masteroppgåva mi til hausten.