Blogginnlegg 1/4 – Forventningar til praksis hjå Michael Sars


Hei, og velkommen til bloggen min!

Meg på postersymposiumet BioPITCH, der eg presenterte labarbeidet eg hadde gjort i fjor haust.

Eg heiter Mariann, er 21 år og kjem frå Kinsarvik, ei lita bygd i Hardanger som ligg ved Sørfjorden. Frå eg var lita har eg hatt interesse for naturen og korleis ting heng saman, noko som er ei av grunnane til at eg valde å studere molekylærbiologi ved UiB. Eg flytta til Bergen i 2022 for å studere, og no er eg i gong med det siste semesteret av bacheloren min. Dette semesteret har eg to valfrie fag, noko som opna opp moglegheita for å få meir praktisk erfaring på lab, noko eg hadde lyst på før eg startar på master etter sommaren.

I fjor haust hadde eg prosjektoppgåve i molekylærbiologi (MOL231), der eg fekk vere med i ei forskingsgruppe som forskar på regulering av genuttrykk i kreftceller. Der lærte eg fleire grunnleggande molekylærbiologiske metodar, og fekk eit god innblikk i korleis dagane kan sjå ut når ein jobbar på lab. Denne erfaringa trur eg vil kome godt med i yrkespraksisen eg skal ha no, då eg allereie har fleire månadar med labarbeid og dataanalyse bak meg.

Eg er så heldig å få ha yrkespraksisen min hjå Chatzigeorgiou-gruppa ved Michael Sars-senteret saman med Angel, der forsking på marine organismar er i fokus. Her skal me jobbe på eit prosjekt der nervesystemet til parasitten Cryptocotyle lingua skal kartleggast, i tillegg til å studere svømmeåtferda dens, noko som aldri har blitt gjort før!

Utsikt frå Dronningstien som går fra Kinsarvik til Lofthus, ein av mine favoritturar i Hardanger!

Dette prosjektet kombinerer marin åtferdsbiologi med molekylærbiologi, og eg håpar å sitje att med nye erfaringar innan begge felt når praksisen er over. Frå det tidlegare prosjektet eg var med på veit eg at det er mykje kjekkare å utføre metodane i praksis enn å kun lære om dei, noko eg gler meg til å få gjere i dette prosjektet og. Den marine delen er særleg spennande, sidan eg verken har jobba med eller lært så mykje om det frå før av. Så spennande som dette prosjektet høyrest ut, gler eg meg til å setje i gong med praksisen min!

Snakkast i neste blogginnlegg!

 

 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *