Eg har fått praksisplass om bord på forskingsskipet Kronprins Haakon, eit av verdas mest avanserte forskingsskip. Det å kome om bord var ganske spektakulært, spesielt for ein som ikkje har vore på større båt enn rutebåten MS Njord mellom Selje og Bergen.
Ms njord og Kronprins Haakon.
Før vi kunne starte arbeidet, måtte vi gjennom sikkerheitsrutinar. Vi fekk prøve overlevingsdrakter, ein gjennomgang av fluktruter, plasseringa av muster-stasjonen og kor nød-båtane var. Etter dette gjekk vi frå land, og første vakta blei brukt til å teste ulike trålar for å finne den mest optimale.
Når vi endeleg kom i gang, innsåg eg fort at våtlabben var veldig annleis enn det labarbeidet eg er vandt med. Her var det hektisk tempo, store mengder fisk som skulle målast før neste trål kom inn, og man kunne drikke på labben, uten å bruke 10 min på å få av seg labutstyret.
Hovudoppgåvene mine var å måle lengde og vekt på alle artar (maks 20 eksemplar per art). For visse artar registrerte vi også kjønn og modningsstadium, medan for torsk og hyse tok vi i tillegg otolitt- og mageprøver:
🔹 Otolittar er balanseorganet til fisken og kan brukast til å bestemme alderen – litt som årringar på eit tre.
🔹 Mageprøver frå torsken gir innsikt i næringskjeda og kva fisken et.
Den første vakta mi bestod mest av venting på grunn av sjøtestinga av trålane. Men på andre vakta fekk eg endeleg halde i fisk! Eg jobba som sekretær for Frank og noterte ned lengde, vekt, kjønn og tok imot otolittprøvene.
På tredje vakta lærte eg å hurtig filetere fisk – eller, prøvde å lære. Etter eit par forsøk byrja eg å bli kvalm, og Frank lo medan han sa at han kunne sjå fargen forsvinne frå ansiktet mitt.
Etter 50 timar praksis ser eg at dette er noko heilt anna enn det labarbeidet eg er vandt med. Våtlabben er meir fysisk, mykje meir hektisk, og ein må jobbe effektivt for å få alt gjort før neste trål kjem inn. Samtidig er det fascinerande kor mykje detaljar som ligg bak fiskeriforsking – kvar einaste fisk blir analysert nøye for å forstå havet betre.
Eg er spent på kva den neste veka vil bringe.