Havforskningsinstituttet – One Ocean Expedition (4/4)


Hei, og velkommen til mitt fjerde blogginnlegg.

No er det ei stund sidan eg kom heim, og det er difor på tide å reflektera over denne parksisen. Eg sitter eg igjen med mange opplevingar og erfaringar som eg ikkje ville vore forutan. Det har vore ein annleis og lærerik sommar, kor eg har fått moglegheit til å oppleve ting eg ellers ikkje hadde fått opplevd – det å leve om bord på Statsraad Lehmkuhl og segle gjennom Stillehavet.

 

 

Det har vore ein del utfordringar og litt hardt til tider, med mykje nytt å skulle sette seg inn i, og ein del utstyr som ikkje alltid har fungert som det skal, og mangel på forskningstillatelsar. Men turen har også gitt med mykje godt, og nyttig arbeidserfaring. Viktigheita av sjølvdisiplin, med tanke på det å skulle sette opp sine eigne arbeidsdagar, men også viktigheita med samspel, både arbeidsmessig og privat, ettersom ein lever så tett på kvarandre over lengre tid. Eg føler eg generelt sitter igjen med mykje god kunnskap, kor eg har lært mykje om meg sjølv og korleis eg fungerer i lag med andre ute i felt, noko eg setter stor pris på.

 

Gjennom studie har eg vore heldig å fått deltatt på ulike tokt, noko som har gjort arbeidet om bord lettare, då eg i stor grad visste kva eg gjekk til. Eg har også hatt mange fag som har hjelpt meg gjennom denne praksisen, med tanke på innføring i nokre av dei ulike innsamlingsmetodane, men også bakgrunnen for den innsamlinga me har gjort – kvifor me samlar inn dei prøvane me gjer og viktigheita med å samle inn desse dataene, med tanke på den kunnskapen det kan gje oss.

 

Eg er veldig glad for at eg fekk denne moglegheita til å arbeide som forskingsassistent for Havforskningsinstituttet under One Ocean Expedition, og kunne bidra til å samle inn så mykje spennande data. Arbeidet og opplevinga gjennom denne praksisperioden har vore ein endå større indikator på at eg trivest med utdanninga eg tar. Det er ei spennande utdanning, som også er dagsaktuell, og eg har i større grad forstått viktigheita med biologar og kunnskapen innanfor dette fagfeltet  – noko som er motiverande for vegen vidare.

 

-Mathilde

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *