Eg Vilvite meir! (1/4)


Hei, velkommen til bloggen min!

Mitt namn er Ask, eg er 22 år (fyller snart 23) og eg er biologistudent på UiB. Eg tok bacheloren min i biologi ved NMBU på Ås, dette er derfor mitt andre semester i Bergen! Eg er født og oppvokst på Stord, ei vakker øy som ligg omtrent midt mellom Stavanger og Bergen (to timar kvar veg).

Eg var eigentleg aldri veldig interessert i biologi før vidaregåande. Naturfag var alltid eit fag eg gjorde det bra i, men ingenting drog meg spesielt i den retninga. Planen min var alltid at eg skulle studera historie eller arkeologi. Det endra seg andre året på vidaregåande då eg tok Biologi 1. Eg fann fort ut at det var det beste faget eg nokon gong hadde hatt. Så då eg skulle velga mellom historie og biologi til slutt, var valet ganske klart med tanke på framtidig jobb.

Eg valde faget BIO298 dette semesteret, litt fordi eg tenkte at det var ein måte for meg å få litt arbeidserfaring sidan eg ikkje har hatt spesielt mange jobbar til no. Ein annan grunn er at eg i eit par månader no har begynt å seriøst vurdera lektor som framtidig yrke. Besto (bestemor mi) har så lenge eg kan hugsa sagt at eg burde bli lærar i barneskule eller barnehage sidan eg er så flink til å passa på mine yngre brør og søskenbarn, men eg skal heilt ærleg innrømme at eg ikkje er like overbevist XD.

Eg tenkte i alle fall då eg søkte at det hadde vore interessant å få prøvd meg litt som formidlar for barn og unge. Eg tok derfor ein “gamble” og skreiv nærmast berre om VilVite i søknaden min, noko som resulterte i at eg fekk praksis ved VilVite.

Eg fekk òg utplassering med ein annan kar som heiter Jarle, som eg tilfeldigvis blei kjent med sist semester fordi me hadde akademisk skriving i lag. Eg trur eigentleg ikkje eg kunne vore meir heldig med denne praksisperioden til no!

Eg trur dette kan bli veldig kjekt! Sjåast i neste blogginnlegg!

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *