Eg heite Alexander Bortne og kjem frå ein liten plass som heite Selje, heilt nord i Vestland på grensa til Møre og Romsdal. Her vaks eg opp tett på naturen, med mykje fisking både frå båt og frå land, og mange timar leik i skogen, uansett vêr og vind (så ekstremt mykje vind…).
Meg (høgre)
Eg ser fram til praksisopphaldet med både spenning og ein viss usikkerheit. Eg har ikkje tidlegare erfaring innen biologi, sidan eg nettopp har fullført mitt første semester på biologi. Dei fleste tar faget i tredje året sitt, så eg føler meg kanskje på litt utrygg grunn. Likevel har eg ein sterk interesse for biologi og naturen rundt oss. Friluftslivet har alltid vore ein viktig del av kvardagen min, og eg håpar at denne praksisen kan hjelpe meg å koble saman den praktiske og teoretiske kunnskapen.
Eg har derimot ein del erfaring med labarbeid, sidan eg har studert nanoteknologi i tre år ved UiB. Dette har gitt meg innsikt i analytiske metodar, labrutinar og presisjon i vitenskapleg arbeid, noko eg trur kan vere nyttig også i biologi. Ein ting eg er spent på er korleis arbeid i felt skiller seg frå arbeid i lab – blir det meir uforutsigbart? Mindre strukturert? Korleis tilpassar ein seg naturen som «arbeidsplass»?
Samboeren min på nanolab.
Gjennom praksisopphaldet håpar eg å få eit betre innblikk i ka biologifaget faktisk inneber i praksis. Eg ser fram til å lære meir om feltarbeid, biologiske analysar og kanskje til og med oppdage nye sider ved faget som eg ikkje har tenkt på før.
Skamløst skrytebilde av sjøørret.