Heisann! Eg heiter Pia, er 24 år, går tredje året på bachelor i biologi, og landa jackpot å få plass om bord på Kronprins Haakon til delar av vintertoktet saman med Havforskningsinstituttet. Eg og tre andre studentar er fyrste gjeng som skal vera ei veke på forskingsskipet vest og nord for Svalbard i det som eg trur vert ei av dei mest intensivt lærerike vekene i studieløpet så langt. Toktet har som mål å kartleggja og registrera artar for bl.a kvotebestemmingar for torsk og hyse.
Utanom å ha jobba som ekstrahjelp nokre sumrar på eit oppdrettsanlegg som tenåring, har eg i min vestlandsoppvekst tråkka mykje i fjøra og fiska ein del. I studieløpet mitt så langt har eg trivst godt på feltkurs, og har gjennom BIO299 Forskningspraksis fått prøvd meg på sjølvstendig forskingsarbeid som har gitt meg utruleg mykje fagleg vekst. Å få denne moglegheita er heilt sinnsjukt, og eg er utruleg spent på kva kule artar me kan få opp og sett. Håkjerring hadde vore særleg stilig, eller andre rare djuphavsfiskar ein aldri får sett til vanleg. Dessutan hadde det vore fantastisk å kanskje få sett kvalar eller isbjørn når ein fyrst er oppe i nord – men samstundes er det jo framleis mørketid, så det er ikkje like sikkert.
I skrivande stund er det fire dagar til avreise frå Bergen til Longyearbyen på Svalbard, og eg er fylt med spenning, nervøsitet og glede ovanfor det som kjem. Blogginnlegga frå studentane som var med i fjor har vore ei kjempehjelp for å prøva å sjå for seg korleis dette vert. Basert på dei – i tillegg til infomøter og slikt – har eg nokre forventingar og tanker. Me skal jobba skift, bl.a. på natta, og som ein person som set pris på god søvn er det eigentleg dette eg trur vert mest utfordrande i starten. Eg veit at me skal jobba med å sortera, registrera og ta målingar på trålfangst, så eg forventar ei bratt læringskurve med artsbestemming og korleis arbeida på laben. Og så er eg veldig spent på å møta og verta kjend med dei andre som jobbar på båten, og høyra kva erfaringar og interesser dei har.
Eg skal ta med meg Ringdrotten av Tolkien som lesestoff mellom skifta, men eg har ei kjensle på at i ein så unik og spanande situasjon treng eg ikkje reisa til Mordor for underhaldning. Eg vil sikkert berre tusla rundt som ein svamp og supa opp opplevinga. Håpar berre eg har vit til å skriva ned ting og ta bilete.