Blogginlegg 1/4: Praksis hos NORCE


Hei og velkommen til det første blogginnlegget mitt!

Eg heiter Eirik Laksemo, er 27 år gammal og kjem frå Øystese i Hardangerfjorden. No er eg i gang med det andre semesteret mitt på mastergrad i biologi hos UiB, med studieretning: økologi, biodiversitet og evolusjon. Blant valemna mine denne våren blei det yrkespraksis i biologi, der eg fekk plass hos Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske (LFI) ved NORCE, noko eg er svært nøgd med.

Aure frå fjellet i Ullensvang til venstre og frå Kvam til høgre. Smiler på innsida om ikkje anna.

Eg har ei stor lidenskap for friluftsliv, då spesielt innan fiske, fotografi og fjellvandring. Ei perfekt helg/veke for meg inneber og gå til eit avsidesliggande fjellvatn (helst med stor fisk i!), sette opp teltet, og berre slappe av, drive med litt fotografering, og sjølvsagt fiske. Desse turane finn som regel stad på Hardangervidda, i fjellområda ovanfor Øystese, eller i fjellområda nord for Folgefonna kvar me har støl. Med meg på desse turane er ofte far min, som har hatt stor innflytelse på interessa mi for friluftsliv og naturen generelt. Som liten hadde eg ikkje den tilnærminga til naturen eg har no, men eg var over gjennomsnittet fascinert over all slags små dyr eg kunne fange og studere i ei bøtte. Om det var vannkalv-larvar frå eit myrtjørn ved hytta på fjellet, edderkoppar frå hagen, eller leppefiskar og krabbar frå stranda, var det alltid kjekt å sitta på huk over ei bøtte og observere. Når det er sagt, trur eg naturen berre hadde vore ein nysgjerrigheit for meg utan friluftslivet, sidan det var gjennom det eg verkeleg fekk lyst til å ta ei utdanning innan biologi. Blant biologifelta er eg mest interessert i ferskvassøkologi, spesielt alt som har med fiskar i laksefamilien å gjere.

Telttur i fjellet ovanfor Øystese til venstre, og på Hardangervidda nordvest til høgre.

So langt i studieløpet, har lab- og feltarbeidet vært noko av skulearbeidet eg har trivst best med, samtidig som at det er noko eg føler eg har lært mykje av. Utanom dette, er det nærmaste eg kjem til biologi-relatert arbeid gjennom stamfiske i Øysteseelva, samt uttynningsfiske i Fitjadalsvatnet. Eg har med andre ord ikkje allverdens erfaring, og kjenner eg at eg gleder meg til praksis-opphaldet mitt hos LFI, der eg skal ha 150 arbeidstimar dette semesteret. Der håper eg å få varierte arbeidsoppgåver som inneber lab-, data-, og spesielt feltarbeid. Det blir spennande å jobbe ilag med biologar som er ekspertar på sine fagområde, og eg trur eg kjem til å lære mykje eg kan ta med meg vidare i arbeidslivet når den tid kjem. Eg kjem til å oppdatere bloggen undervegs, og håper dykk vil følge meg gjennom praksisopphaldet mitt!

Krikkandunge til venstre og Fjellrype til høgre. Bileta er tatt med 400mm linse.

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *