Blogg(4/4): Takk for meg!


Eg har nå vert over 150 timer på sars senteret, det er mye å reflektere over nå etter dette siste semesteret. Levde opphaldet opp til forventningane? Kva var dei største utfordringane på arbeidsplassen? Og til slutt litt om mine anbefalingar til studenter som vurderer BIO298.  

I mitt forje blogginnlegg fortalte eg litt om eit daverande prosjekt som vi hadde prøvd å få til og eg kan nå fortelle at det var vellykka og vi kan jobbe videre med det for å sette dei inn i dyra. Det kan vere frustreande å ikkje få til eit eksperiment, men når man da får det til så er det ekstra kjekt.  

Korleis levde oppholdet i yrkespraksisen opp til forventningane mine? Når eg søkte på yrkespraksisen så fekk man lese litt om alle arbeidsplassene som var tilgjengelig. Eg søkete på sars senteret fordi det var den som var mest relevant for ein molekylærbiologi student, men abeisoppgavane og prosjektet som var beskrive kunne og passe til ein biologi student. Av det eg leste så virka det som at eg skulle jobbe mye med å trene opp dataprogram, men det var det lite av. Det vi gjorde var ganske ulikt det eg forventa, men eg var positivt overaska. Det var for det meste labarbeid og molekylæbiologiske oppgåver noko som eg trivdes veldig med. Vi var også mykje meir sjølvsentdige enn det eg hadde forventa og det tok ikkje lang tid før vi kunne utføre mange av oppgavene våre utan hjelp. 

Kva var dei største utfordringane på labben? Vi fekk mykje god hjelp på labben så det var ingen store utfordringa, men i starten kunne det vere utfordrane å skulle utføre oppgåver aleine. Det var også utfordrande å sette seg inn i kva forskinga gjekk ut på i dei ulike gruppene ettersom at mykje av teorien bak forskinga var ukjent for meg. Men det har derfor vert veldig lærerikt å høyre om dette og sjå korleis det kan bli brukt i forsking.  

Dersom du er ein student som vurderer å ta BIO298 så vil eg anbefale det. Noko av det eg var mest usikker på når eg skulle søke emner for semesteret var om timeplanen skulle gå opp med yrkespraksisen, men det var ikkje eit problem ettersom at dagane på yrkespraksisen ble bestemt ut frå timeplanen min i dei andre emna. Noko av det beste med yrkespraksisen var at man fekk ein mykje meir variert uke og dei 150 timane på arbeidsplassen flyr fort forbi.  

Til slutt vil eg takke Sars senteret for eit fantastisk gøy og lærerikt yrkespraksis opphold med veldig hyggelege og flinke medarbeidere.  

Takk for meg, 

Linnea. 

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *