Likar du lange dagar i sola?
Likar du vakre turar i eplehagar, med ein nydeleg utsikt over fjorden?
Likar du å sitte i graset og sjå på blomar, mens du høyrer på fuglane kvitre, og biene summe?
Om du svarte ja på noko av dette her, så er kanskje biologiyrket noko for deg!
Som eg sa i forrige blogginnlegg, så er eg blitt plassert i praksis hos NIBIO, og eg har no arbeida i 50 timar i Ullensvang, der me har observert forskjellige pollinerande insekt i frukthagane der ute.
Hovudoppgåva mi var å observere klynger med epleblomar, og registrere pollinatorar som besøkte desse blomane. Etter eg hadde registrert kor lang tid de brukte på kvar blom, skulle eg fange insektet, plukke og pakke ned blomen, og notere ned detaljane til møtet, så var det å vente på neste pollinator og repetere prosessen. Her skulle eg bruke ein time per observasjonspost, før eg gikk vidare til neste post og starta på nytt igjen. Dei første dagane trudde eg dette her ville bli veldig kjedeleg i lengda, men etter eg fekk satt meg skikkeleg inn i det (og husket å ta med meg hodetelefonar) blei det veldig triveleg, og timane berre fløy forbi.
Men eg har ikkje berre vore ute i finværet. Sidan biene ikkje var ute og fløy når været blei dårleg, så kunne me dessverre ikkje sitte ute i regnet og sjå etter bier heile tida. Da var det heller å være inne og logge inn data frå dei tidlegare dagane, og gå over igjen for å sjekke at det ikkje var noko kluss i systemet.
No er feltarbeidet gjort ferdig, og det er på tide å ta fangsten med på labben og analysere resultata. Eg er ikkje heilt sikker på kva mi rolle kommer til å være dei neste vekene, men uansett kva det blir så gleder eg meg svært mykje til å fortsette med dette prosjektet.
Me sjåast!